Støtte til bevaring av Klassekampens fotoarkiv
Biletet er frå det første pornobålet på Olav Ryes plass 27. august 1977. Foto: Klassekampen
Kulturrådet har over avsettinga til kulturverntiltak løyvd kr 400 000 til sikring, konservering og registrering av Klassekampen sitt fotoarkiv (emnearkiv) frå perioden 1970-1990. Arbeidet vil bli utført i samarbeid med Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek, der fotomaterialet vil bli bevart og tilgjengeleggjort for framtida.
Klassekampen fram til 1990
Klassekampen kom ut med første nummer i februar 1969 etter initiativ frå ei gruppe marxist-leninistar. I perioden fram til 1972 kom avisa ut som månadsavis der både redaksjonelt arbeid, bretting av aviser og sal var eit reint dugnadsprosjekt. Frå januar 1973 vart Klassekampen ei vekeavis med kring 4 000 faste abbonentar og eit opplag på 11 000, og blei kort etter det formelle partiorganet for det nystifta AKP (m-l).
Frå januar 1976 kom avisa ut to gongar i veka, som ei opptrapping før overgangen til daglege utgjevingar frå april 1977. Mesteparten av det aktuelle fotomaterialet som prosjektet omfattar – truleg kring 50 000 bilder - er frå perioden som dagsavis fram til 1991, då Klassekampen sine formelle band som partiorgan for AKP vart brotne.
Nasjonal verdi og store bevaringsbehov
Klassekampen sitt fotoarkiv fram til 1990 er ordna etter nøkkel/emneord, som igjen speglar den redaksjonelle arbeidsdelinga i avisa. 50 000 fotografi er eit grovt anslag etter manuell telling i to av i alt 26 store eskjer. Fotografia blir i dag oppbevart i Vestby, og er utsatte for rask nedbryting på grunn av uhensiktsmessig emballasje og lagring under ueigna klimatiske forhold.
Samarbeidspartnar Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek (Arbark) har eit nasjonalt ansvar for bevaring og formidling av arkiv med opphav i den politiske venstresida. Arbark har frå før ei fotosamling på meir enn 1,5 millionar fotografi, i all hovudsak fotoarkivet etter Arbeiderbladet. Kulturrådet vurderer Klassekampen sitt fotoarkiv å vere av stor nasjonal verdi, og utgjer eit verdfullt supplement til arkivet etter Arbeiderbladet.
Kulturfondet og privatarkiv
Kulturrådet/Kulturfondet sitt engasjement på arkivfeltet er primært er retta mot utfordringar knytta til privatarkiv. Desse arkiva utgjer ein vesentleg del av den samla samfunnsdokumentasjonen i Noreg. Utan privatarkiva er kjeldene til historie, kunst, kultur og samfunnsliv mangelfulle. Viktige privatarkiv, slik som fotoarkivet etter Klassekampen, må difor bli bevart og tilgjengeleggjort for forsking i dag og i framtida.
Støtte frå Kulturfondet kan gå til alt frå akutt berging av arkiv som er truga av kondemnering, til reine formidlingstiltak. Tiltak for ordning, bevaring og sikring har prioritet framfor formidling og tilgjengeleggjering. Det er òg ein føresetnad for støtte, at arkiva er av nasjonal interesse.