Stor interesse for immateriell kulturarv
Prosjektet Barn i fuglevær vil dokumentere og reflektere rundt kontakten mellom barn og ville fuglar gjennom ærfuglhaldet på Vega. Foto: Vibeke Emilie Steinsholm
Kulturrådet hadde sett av to millionar kroner til ei satsing på immateriell kuturarv i denne søknadsrunden. Det kom inn mange og gode søknader og 18 av desse blei støtta.
I alt 73 søknader med ein samla søknadssum på litt over 16 millionar kroner kom inn til søknadsfristen. 18 av søkjarane enda opp med å få støtte.
- Mange av søknadene som kom inn til fristen held høg fagleg kvalitet, og utvalet har gått inn for løyving til 18 av tiltaka, seier Anne Marit Noraker, leiar for Kulturvernutvalet i Kulturrådet. - Responsen på satsinga har vore svært god, og det har kome inn søknader om støtte til prosjekt i dei aller fleste fylka i landet. Ein del av tiltaka har også nasjonalt nedslagsfelt.
Mange spennande prosjekt
Forutan tiltak som gjeld kurs/kompetanseheving og rein dokumentasjon, viser ei grovsortering at prosjekta tematisk dekkjer immateriell kulturarv knytt til song, dans, matkultur, stølskultur, ærfugltradisjonen i nord (kystkultur) og stadnamn i delar av Sápmi. I tillegg kjem prosjekt som gjeld ulike handverkstradisjonar, mellom anna plagg/bunader, båtbygging, bygningsteknikk, keramikk, frescoteknikk og felebygging.
- Søkjarlista speglar den store breidda av aktørar i kulturvernfeltet, seier Noraker. - Den tematiske breidda synleggjer spennet i uttrykk, aktivitetar og tradisjonar som kjennemerkar både den totale søknadsporteføljen til denne satsinga og feltet immateriell kulturarv generelt.
Fire av prosjekta gjeld samisk kultur og tradisjonar, medan eitt gjeld dokumentasjon av kvensk immateriell kulturarv. I fem av prosjekta er barn og unge anten direkte involverte, eksplisitt målgruppe eller tema i gjennomføringa. Seks av prosjekta kan seiast å ha nasjonalt nedslagsfelt, medan dei andre viser ein variasjon mellom Sápmi, ein landsdel, ein region/eit fylke eller mindre geografiske område.
Sjå alle som fekk støtte til immateriell kulturarv (lenke til pdf)
Prosjektet Barn i fuglevær vil dokumentere og reflektere rundt kontakten mellom barn og ville fuglar gjennom ærfuglhaldet i Vega. Denne kontakten har lange tradisjonar, då barn alltid har vore viktige hjelparar i ærfugldrifta. Prosjektet går ut på å dokumentere og samle inn munnlege forteljingar frå røktarar i dag, men òg frå eldre menneske som har vore barn i denne tradisjonen. Tiltaket vil òg vere samtidsorientert ved at barn i alderen 5- 6 år skal delta i fuglevaktararbeid på Brattøya i Vega. Gjennom aktiv deltaking i fuglerøktararbeid, teikning, forteljing og eigen fotodokumentasjon, vil barna tre inn i eit naturrom der dei ut frå eigne føresetnader, og på ein sanseleg måte, kan ta del i ein kulturtradisjon der kontakten mellom menneske og ein vill fugl er det sentrale.
Målet med satsinga på immateriell kulturarv
Målet er å stimulere til prosjekt som styrkjer arbeidet med vern og vidareføring av immateriell kulturarv i Noreg både nasjonalt, regionalt og lokalt. Målgruppa er i prinsippet samanfallande med målgruppa for Kulturfondet si avsetting til kulturvern, og i utlysinga vart følgjande punkt trekt fram som døme på kva som kunne få støtte: Metodeutvikling for arbeid med vidareføring av immateriell kulturarv.
- Vi i Kulturvernutvalet vonar at denne satsinga i 2015 har gjort fleire aktørar både i og utanfor kulturvernfeltet merksame på Kulturrådet si støtteordning til kulturvern, og at dette vil generere fleire søknader på området immateriell kulturarv i tida som kjem. Nye søknader vil heretter bli handsama innafor dei ordinære fristane for støtteordningane til kulturvern, seier Anne Marit Noraker.
Arkiv for antirasisme og samtidsdans
I tillegg til satsinga på immateriell kulturarv vart det også delt ut generell prosjektstøtte og støtte til faglitteratur. To arkivprosjekt blei støtta.
Stiftinga Samora fekk 300 000 kroner til prosjektet Fra monokrom til digitale farger. Materialet viser historia om den antirasistiske rørsla i Noreg gjennom dei siste 40 åra. Materialet er Samoras samling av fotografi, hefte, plakatar, løpesedlar, utklipp, alle utgåvene av Samora sidan 1979, samt driftsarkivet. Arbeidet vil skje med fagleg rettleiing av Oslo byarkiv, som overtar materialet for endeleg oppbevaring.
- Vi legg vekt på at dette er eit nasjonalt viktig prosjekt som vil gjere Stiftinga Samoras historiske materiale tilgjengeleg for offentlegheita, og slik leggje et stykke norsk samtidshistorie til den felles historia om det moderne Noreg, seier Noraker.
Carte Blanche fekk 200 000 til prosjektet Carte Blanche – tilgjengeliggjøring av arkivene. Målet med prosjektet er å gjere tilgjengeleg den historiske og avslutta dokumentsamlingen til Carte Blanche, Noregs nasjonale kompani for samtidsdans. Samlinga består av administrative dokument, fotografi, plakatar og andre trykksaker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Stiftelsen Lokalhistorisk Arkiv i Bergen og Carte Blanche, og går i hovudsak ut på katalogisering. Tiltaket utgjer den første fasen av to, der ein i den andre fasen vil gi seg i kast med å registrere og digitalisere Carte Blanches omfattande samling med film og lydfiler.
Kven kan søke kulturvernpotten?
Formålet med fondets avsetjing til kulturvern er å stimulere arbeidet med bevaring, dokumentasjon og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg.
- Fondsmidlane skal først og fremst gå til det frie feltet, slik som frivillege lag, organisasjonar og enkeltpersonar, samt kommunar, fylkeskommunar og ulike verksemder. Institusjonar med fast årleg statstilskot får normalt ikkje støtte frå Norsk kulturfond, men om institusjonar har tett samarbeid med det frie feltet, kan vi opne for unntak, avsluttar Noraker.
Meir informasjon
Les utlysinga av midlar til immateriell kulturvern