Rom for kunst endrar namn til ARENA
Rådet vedtok i rådsmøte 28. januar å endre namnet på støtteordninga Rom for kunst til ARENA – tilskotsordning for bygg og infrastruktur. Fagleg utval for tverrgåande ordningar håpar endringane gjer at fleire søkjer tilskot frå ordninga.
- Utvalet trur at mange forstår «kunst»-omgrepet som synonymt med visuell kunst, og at dei dermed trur at ordninga ikkje er open for andre søkjargrupper. Det er ei misforståing vi ønskjer å rydje opp i. Vi ser at ei overvekt av søknadene til ordninga kjem frå det visuelle kunstfeltet, og det håpar vi vil endre seg i tida framover, seier utvalsleiar Maria Utsi.
Ønskjer fleire nye søkjarar
Utvalsleiaren ønskjer også fleire nye søkjarar til ordninga som kulturhus, digitale arenaer, aktørar i det frie kulturvernfeltet og arenaer for debatt og offentleg ordskifte.
- Målet med støtteordninga er å bidra til gode rammer rundt produksjon, formidling og utvikling av kunst og kultur. At kunstnarar og kunstfeltet har passande og godt tilrettelagd infrastruktur for produksjon og visning, og at det finst gode arenaer for publikum i heile landet til å møte kunsten, seier Utsi.
Ein kan søkje om tilskot til fysiske bygg og lokalar, men også til stadar utandørs, mobil eller midlertidig infrastruktur, utforskande arkitektur, forprosjekt, nettbaserte plattformar eller liknande.
Det betyr at mellom anna bibliotek, kulturhus, konsertarrangørar, teater, kunstnarsenter og kunstforeiningar kan søkje tilskot, og det håper Utsi dei vil gjere.
Vil gjerne sjå tverrkunstneriske arenaer
Samtidig er utvalet alltid interessert i utforsking og ny bruk av eksisterande lokale. Døme på dette er bygg som opphavleg var reist for anna verksemd og arenaer samlokalisert med kulturnæringar eller frivillig kulturliv. Utvalet er særskild opptekne av utvikling av eksisterande bygg og visningsarenaer slik at disse tilpassast endringar i kunst- og kulturfeltet. I forlenging av dette er arenaer for tverrkunstnerisk praksis og tverrfagleg samarbeid bland hovudsatsingane på ordninga.
Kulturrådet satsar også på god .utnytting av ressursar, berekraft, stedstilpassa løysingar, og tiltak som sikrar tilgang og inkludering for alle publikumsgrupper.
Neste søknadsfrist for ARENA – tilskotsordning for bygg og infrastruktur er 3. juni.