Teikneseriar
Frå plakaten til Raptus 2015
Kulturrådet har støtta teikneseriefestivalen Raptus i 20 år og har i dag både innkjøpsordning og støtteordningar for teikneseriar.
Den tjuande Raptusfestivalen gjekk nyleg av stabelen på Litteraturhuset i Bergen. Programmet femna vidt, frå skuleprosjekt for tusen barn til femti programpostar i festivalhelga. Seminar, kurs, foredrag, show, teikneserierelaterte konkurransar og debattar var nokre av programpostane deltakarane kunne få med seg.
Festival for å vise fram teikneseriar
Festivalen kom i gang i 1996 etter initiativ frå Kulturådet, som eit ledd i ei større satsing på teikneseriar. Poenget var å gjere teikneseriemiljøet synleg for publikum og skape eit fellesskap mellom teikneserieskaparane sjølve. Det fanst ikkje noko galleri der ein kunne vise fram teikneseriar og det fanst heller ikkje ein utstillingstradisjon.
Tove Bakke var saksbehandlar og ansvarleg for arbeidet med teikneseriar i Kulturrådet på den tida. Ho hadde vore rundt på fleire festivalar i Europa, mellom anna den store teikneseriefestivalen i Angoulême i Frankrike med ei nordisk teikneserieutstilling. Så kom ideen om ein eigen teikneseriefestival.
- Det var viktig å ha ein plass å vise ting fram, å få publikum til å sjå dei norske seriane. Då er jo ingenting som ein festival, seier Bakke.
Raptusfestivalen vart til ved eit samantreff. Ein kamerat av mannen hennar ringde ein gong han ikkje var heime. Bakke tok telefonen og fekk vite at kameraten var i Bergen på besøk hos ein annan kamerat som var ekspert på teikneseriar.
- Å, kanskje du kan starte ein festival, sa eg, rett inn i telefonen. Ja, sa han. Og så gjorde vi det. Du kjenner jo igjen ein fanatikar når du møter han, eller når du høyrer han. Han høyrdest ut som ein ressursperson i den saka der, seier Bakke.
Tove Bakke. Foto: Samlaget/Tove K. Breistein
Og det stemte. Arild Wærness, som kameraten heitte, fortel om den problematiske oppstarten av festivalen til bladet Seriefokus i 2001. Han leigde i første omgang eit lokale og inviterte til eit ope møte for å danne organisasjonen Bergen Tegneserieforening. Det kom mange, men berre 4-5 personar sto igjen når organisasjonen skulle dannast.
Bergen Tegneserieforening fekk etter kvart 10 000 i støtte frå Kulturrådet for å arrangere eit par kveldsmøte, akkurat nok til å arrangere møta på «skikkelig elevkveld-nivå» i følgje Wærness.
Utan mykje meir om og men byrja dei å arbeide med festivalen. Søknad til Kulturrådet vart sendt.
Så dermed møtte ganske få menneske seg ei helg i mai i eit halvmørkt lokale inne på Verftet på Nordnes i Bergen. Ute var det varmt og pilsen lokka på uteserveringa. Inne var det duka for den første Raptusfestivalen, der billettane kosta eit par kroner og berre dei mest dedikerte teikneseriefantastane dukka opp.
Men det var utstillingar, Steffen Kvernelands Jæger, dei første Pondus-stripene og Arild Midhun med Ivar Aasen. Bergens Tidende og Bergensavisen skreiv litt, men det var ikkje det store trykket.
Eit av problema var tidspunktet som tilfeldigvis falt samtidig med Hansadagane, ein svær festival med Hansabåtar. Det var 130 000 menneske samla på hamna i Bergen, men få av dei tok turen ut på Verftet.
- Det var veldig mykje arbeid frå mange kantar, i miljøet, dei gjorde verkeleg alt rett, seier Bakke.
Det var ho som insisterte på å arrangere festivalen i Bergen.
- Eg ville ha festivalen i Bergen for i Oslo ville ein ikkje få støtte.
Året etter flytta festivalen inn i Grieghallen og dermed blei talet på besøkjande mangedobla og grunnlaget for dagens festival vart lagt.
Eit strategisk arbeid med teikneseriar
Raptusfestivalen var berre ein ledd i eit strategisk arbeid med teikneseriar som starta i 1989, altså lenge før festivalen.
Tove Bakke byrja som saksbehandlar i Kulturrådet dette året og fekk med det same ein heil haug med papir i hendene og beskjed om at ho skulle opprette ei innkjøpsordning for teikneseriar.
- Eg vart jo heilt forskrekka og forfjamsa over eit sånt krav. Eg var jo litteraturkritikar og likte ikkje teikneseriar og kunne ikkje skjøne kva dei hadde i Kulturrådet å gjere, seier ho.
Men Halvdan Skar var direktør den gongen og interessert i teikneseriar og det blei bestemt at ei innkjøpsordning skulle lagast. Men det var berre eit problem, seier Bakke. Det var ingenting å kjøpe inn våren 1990.
Jazzbasillen av Cristopher Nielsen var ein av teikneseriane som fekk prosjektstøtte frå Kulturrådet i 1990.
Då måtte ein tenke litt strategisk og vedtaket blei gjort om til ei produksjonsstøtteordning som likna litt på produksjonsstøtteordninga for biletbøker. Ein var veldig nøye på at teikneseriane skulle ha høg kvalitet. Teikneseriar er ei samansett kunstform og Bakke kunne lite om teikneseriar sjølv, så ho derfor måtte ho folk i utvalet som kunne alt, dramaturgi, arkitektur, teikning osv.
- Eg trur eg er den første som har hatt ti personar i eit utval for ei så lita støtteordning, ler ho. Komiteen hadde møte fire gonger i året og det var nådelaust, alt blei gjennomanalysert. Dermed fekk vi l lagt grunnen for at det var strengt og profesjonelt. Og det var jo så lite miljø at for eksempel Jon Gisle måtte sitje 14 år i utvalet for han var den einaste som aldri var inhabil. Og det var små summar det var snakk om. Virka som ei svær ordning, men det var jo ingenting, ofte berre 2-3000 kroner.
Ein måtte få folk til å lage desse seriane som ein ville kjøpe inn. Ho og teikneserieutvalet arbeidde mykje med å få til eit miljø av teikneserieskaparar i Noreg.
- Dei hang jo ikkje på tre dei teikneserieskaparane og dei var jo så vant til å sitje åleine at dei hadde jo heller ikkje noko fellesskap, så eg måte få dei til å lage foreining, for eksempel.
Etter foreininga blei det arrangert kurs og seminar for teikneserieskaparar, alt med føremålet å få fram så gode serieskaparar som mogleg.
- Vi prøvde å få teikneseriemiljøet til å løfte seg. For eksempel arrangerte vi eit seminar der vi prøvde å kople teikneserieskaparar med forfattarar, slik at serieskaparane skulle bli betre til å fortelje historier og dramatisere forteljingane sine. Også teikneserieforlaga arbeidde med å utdanne serieskaparane sjølve, og var lette å samarbeide med.
Kronglete veg mot suksess
Vegen til suksess for norske teikneseriar har ikkje berre vore enkel.
- Det har vore ein suksess, men det kom ikkje rekande på ei fjøl, seier Bakke i dag. Vi måtte tenke på mange ting på ein gong. Har vi ikkje album kan vi ikkje ha innkjøpsordning. Skal vi få album må serieskaparane lære seg å lage dei. Mens dei lærer seg det må dei jo få øvd seg og det var ved å lage kortare striper. Vi måtte sjå kor skoen trykte og kor det ikkje var ein sko i det heile tatt.
Skoen trykte mellom anna på å få teikneseriane på trykk. Dei fleste blad og aviser på denne tida trykte berre syndikerte utanlandske seriar som Hårek og Billy. Tove Bakke og Kulturrådet kalla inn teikneserieforlaga til eit møte og spurde kva deira behov var, korleis kunne Kulturrådets støtte få fram nye og gode teikneserieskaparar?
Svaret var eintydig. For at forlaga skulle kjøpe inn norske teikneseriar måtte prisskilnaden mellom dei utanlandske og dei norske bli mindre.
- Det kosta kanskje ti gonger så mykje å trykke ein norsk serie som ein utanlandsk, seier forlagsredaktør Tonje Tornes i Egmont publishing.
Som ein konsekvens av møtet lagde Kulturrådet ei støtteordning for teikneseriestriper. Kortseriestøtta blei innført i 1994.
Krüger & Krogh var eit av teikneseriealbuma som vart kjøpt inn i 2014.
- Stripestøtta var ekstremt viktig for suksessen som norske striper og seinare lengre teikneseriar har fått, seier Tornes. – For å få ei viss inntekt må ein lage noko kort først og øve seg på, så kan ein gå vidare til album seinare. Og det forsto Kulturrådet.
I 2012 meinte Kulturrådet at teikneseriemiljøet i Noreg endeleg var klart for ei innkjøpsordning for norske teikneseriar, og i fjor vart det kjøpt inn 17 album, alle på minst 48 sider
Tove Bakke slutta i Kulturrådet for mange år sidan og er i dag forfattar og omsetjar. Ho er truleg ein av få byråkratar som har fått pris, nemleg raptusprisen i 1997. Og ho er ikkje så glad i ordet byråkrat heller. Det er for passivt, meiner ho.
- Ein kan ikkje saksbehandla alt mulig i det uendelege viss ein skal få noko gjort. Ein måtte jo bruke hovudet på vanleg fornuftig vis viss ein skulle få noko til.
Bakke si haldning til støtteordningar for teikneseriar har endra seg, sjølv om ho ikkje les teikneseriar no heller. Ho har konkludert med at teikneserieordningane ligg i grunnholdninga som Kulturrådet begynte med, nemleg:
- Her manglar det noko, kva skal vi gjere for å få det til? Og kva skal vi gjere for å få det bra?
Raptus 20 år etter
I dag er det fleire teikneseriefestivalar i Noreg, men Raptusfestivalen er framleis godt besøkt. Årsaka er truleg at festivalprogrammet er så variert. Og akkurat mangfaldet er tanken bak festivalen i følgje festivalsjef Øyvind Naterstad.
- Vi skal femne alle, alle skal finne noko dei er interessert i. I år var det masse for barn, men og faglege teikneserieforedrag som barn kanskje ikkje vil ha så stor glede av.
Festivalen kunne skilte med internasjonale namn som Yoann, som teiknar Sprint, Spiderman-teiknar Will Sliney og den norske Donald-teiknaren Arild Midthun. Skuleprosjektet var i regi av Den kulturelle skulesekken og hadde 600 elevar på venteliste.
- Målet med festivalen er å fremje teikneseriar som litteratur og kunstform, i Bergen, Hordaland og Norge.
Der det det første året berre var fire frivillige er talet no rundt seksti.
- Folk flyr inn til Bergen for å vere med, seier han. Og alle som jobbar her er frivillige og ubetalte. Heller ikkje foredragshaldarane får betalt anna enn flybilletten, seier Naterstad.
Festivalsjef Naterstad er nøgd både med oppmøte og program for festivalen i 2015, og no er han og dei andre folka bak Raptusfestivalen allereie i gang med å planleggje den 21. festivalen.
Les meir
Tildelingar - prosjektstøtte til nye norske teikneseriar