1996: Coriolanus av William Shakespeare
Olav Magne Voll har valgt seg Sheakespeare i norsk oversettelse fra 1996.
Olav Magne Voll har valt seg ei omsett bok frå 1996, eit nokså ukjent skodespel av William Shakespeare.
Tittel: Coriolanus
Forfattar: William Shakespeare
Forlag: Aschehoug
Årstall: 1996
Bibliotek: Time Folkebibliotek
Bibliotekar: Olav Magne Voll
Shakespeare. Coriolanus. Kvifor i alle dagar vel eg ei slik bok? Ikkje er forfattaren norsk, ikkje er det ein roman, men eit skodespel, endåtil ein tragedie, og til alt overmål er spelet ikkje særleg kjent heller. Som det ikkje var nok, vart skodespelet fyrst publisert i 1609. Kva for relevans kan dette ha for våre dagar?
Ganske mykje, visar det seg. For det fyrste er det alltid interessant å sjå ei gjendikting. Skodespel, spesielt Shakespeare sine, kan ikkje omsetjast direkte frå morsmålet. Det må diktast på nytt, noko som er interessant i seg sjølv. For det andre er historia i skodespelet særs relevant for våre dagar. Spelet er sett i Roma rett etter at byen vart ein republikk, lenge før keisarane si tid, og handlar om Caius Martius, ein soldat som etter å ha kjempa i krigen mot nabobyen Antium, ikkje lenger passar inn i samfunnet han har kjempa for. Etter å ha blitt heidra med tilnamnet Coriolanus freistar han seg som politikar, men kan ikkje lenger forstå dei folka han må tekkast for å bli vald til embete. Det blir ein total katastrofe. Frustrert og rasande forbannar han medborgarane sine, og vert sendt i eksil. Han ender opp i Antium, der han møter den einaste som kan forstå han og det han har vore gjennom: Den tidlegare svorne erkefienden, Tullus Aufidius.
Eg skal ikkje røpe kva som skjer vidare, men det som gjer spelet si kraft er nettopp denne inngåande skildringa av utanforskap som Coriolanus opplever, og kva krigen har gjort med han. Ute av stand til å venda tilbake til eit normalt liv er det, paradoksalt nok, berre den tidlegare fienden og forhatte motstandaren hans som han føler slektskap med. Og det er definitivt noko som gjer stykket verd å sjå på – og å lesa – i våre dagar.