Over 9 500 konsertar med tilskot frå Kulturrådet i 2025
Barne- og familiefestivalen Skattekista på Rommen, hiphop-festivalen Xplosif i Stavanger og den samiske festivalen BeskánLuossaRock er blant sju festivalar som får tilskot for første gong. Til saman er det gitt tilskot til 175 festivalar og 171 konsertarrangørar over heile landet.
– Tilskota bidreg til at både dei som bur i by og bygd får eit rikt konserttilbod. Slik får heile landet tilgang til levande musikk, sjølv om ein ikkje bur i nærleiken av dei største institusjonane og konsertarenaene, seier leiar for Kulturrådets musikkutval for arrangør- og festivalstøtte, Ivar Chelsom Vogt.
Rom for nye arrangørar og trygge rammer for dei etablerte
Det kom mange sterke søknader til ordninga for musikkfestivalar. Både frå etablerte festivalar og nye initiativ. Fagutvalet prioriterte å gi rom for nye stemmer, samtidig som dei ønskte å gi dei etablerte festivalane trygge rammer. Som ei følgje av desse prioriteringane er det fleire tidlegare tilskotsmottakarar som har fått avslag denne runden.
Ein av festivalane som er ny på ordninga er Xplosif i Stavanger. Xplosif er ein festival som ønskjer å visa fram breidda og utviklinga til hiphop-kulturen.
– For oss som driv ein litt "nerdete" festival som Xplosif er det utruleg viktig med støttespelarar som Kulturrådet. Det gir oss økonomisk tryggleik, men også tyngde når me skal henta private sponsorar og overtyda kommune og fylke om at me fortener støtte. Me blir også stolte, det kjennest som ein klapp på skuldra og at me gjer noko rett, seier dagleg leiar Tore Pang.
– Xplosif er ein møtestad for hiphop-entusiastar, musikkelskarar generelt og dei som berre er nysgjerrige og ønskjer ei kul oppleving. Me vil kombinera historisk viktige uttrykk med dagens måte å uttrykkja seg på og setja det i perspektiv, sånn at hiphop-puristar kan setja pris på den nye scena og dagens unge forstår kva som kom før versjonen deira av hiphop, seier Pang.
Andre festivalar som får tilskot for første gong er nemnde Skattekista på Rommen og BeskánLuossaRock. I tillegg får Valo Rock, bluegrassfestivalen Strenger i Gress, metalfestival for ungdom Legend Metalfest og folkemusikkfestivalen Rauland vinterfestival tilskot. Det er også gitt store aukar til Samisk påskefestival og Tromsø World Festival.
Det høge søknadstalet gjorde at enkelte større verksemder ikkje får den auken dei søkte om, eller får lågare tilskot enn før. Denne tendensen er forventa at forset dei neste åra.
– For å sikra føreseielegheit har me som i fjor gitt fleirårig tilsegn til mange. Likevel har me i denne runden avgrensa det til to år, slik at me kvart tredje år får høve til å sjå alle festivalane i samanheng. Intensjonen vår er framleis å leggja til rette for føreseielegheit i tildelingane, seier Chelsom Vogt.
Konsertar i alle fylka i landet
Det er gitt tilskot i alle fylka i landet til 171 konsertarrangørar, som til saman har søkt om gjennomføring av over 6 000 konsertar.
– Kulturrådet er glade for å dela ut midlar til å utvikla og halda oppe arrangørnettverket i heile Noreg. Når budsjettramma for ordninga står på staden kvil har det vore viktig for fagutvalet å prioritera nye arrangørar og geografisk spreiing framfor aukar til mottakarane av dei største løyvingane, seier Chelsom Vogt.
Det kom inn 562 søknader til ordningane for konsertarrangørar og musikkfestivalar. Det er gitt tilskot til 175 festivalar og 171 konsertarrangørar over heile landet. Til saman er det delt ut 192 millionar kroner, hovudsakleg for arrangement i 2025.