Telemarksforsking skal lage utgreiing om kulturvern og frivilligheit
Kulturrådets FoU-utval har vedteke å tildele Telemarksforsking utgreiingsoppdraget Kulturvern og frivilligheit.
På kulturvernområdet er det ei rekkje aktørar, både profesjonelle og frivillige. Museum, arkiv og bibliotek spelar ei viktig rolle. Samstundes er det omfattande aktivitet også utanfor dei etablerte institusjonane. Denne aktiviteten inkluderer enkeltpersonar som arbeider på ideell basis, aktørar som driv næringsverksemd, stiftingar, lag, foreiningar og organisasjonar. Det er nettopp denne frivillige innsatsen kunnskapsprosjektet tek sikte på å kartleggje.
Utgreiinga skal gje eit bilete av aktivitetane, aktørane og sjølvforståinga som kjenneteiknar frivillig kulturvernarbeid. Vidare skal utgreiinga gje oversikt over den forskinga som ligg føre og annan kunnskap frå feltet, samt innspel på perspektiv og problemstillingar for framtidige forskingsprosjekt.
- Prosjektet til Telemarksforsking er praksisnært og byggjer på ei solid oversikt over aktørar, organisasjonar og forsking på feltet. Det baserer seg på både kvantitativ og kvalitativ tilnærming, og vi trur dette fagmiljøet kan gje både Kulturrådet og andre ny kunnskap om kulturvernfeltet, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, rådsmedlem og leiar for Fagleg utval for kulturvern.
Prosjektgruppa frå Telemarksforsking er Nanna Løkka, Anne-Sofie Hjelmeland og Bård Kleppe. Prosjektleiar Nanna Løkka fortel at forskargruppa gler seg til å setje i gang med arbeidet.
- Vi ser fram til å bringe fram meir kunnskap om denne sentrale delen av kulturvernet i Noreg, og vil særleg leggje vekt på å få fram korleis den frivillige innsatsen påverkar feltet. I ei tid der det blir stilt stadig større krav til profesjonalisering, blir det også spanande å få meir kunnskap om korleis det frivillige og det profesjonelle feltet samhandlar og korleis rollene vert fordelte, utdjupar Løkka.
Tildelinga er på kr 800 000. Arbeidet med utgreiinga skal munne ut i ein forskingsrapport som vil bli publisert av Kulturrådet.