Nytt styre for Fond for lyd og bilete 2024-2026
Kultur- og likestillingsdepartementet har utnemnt nytt styre for Fond for lyd og bilete for perioden 2024 til 2026.
Susanne Næss Nielsen er gjenutnemnd som styreleiar. - Eg gler meg til å ta fatt på ein ny periode i Fond for lyd og bilete saman med eit bra kollegium av styre- og varamedlemmer.
Ho vart første gong utnemnt som leiar i 2021, og var tidlegare vara for styreleiar. Næss Nielsen er direktør for Davvi – Senter for scenekunst med base i Bodø, Tromsø og Hammerfest.
- Dette er ei tid for store teknologiske endringar i kulturbransjen. Mellom anna ser me at kopiering og kunstig intelligens byr på nye utfordringar for kreditering og kompensasjon av verk. Fond for lyd og bilete har ei avgjerande rolle i å vareta rettshavarane og det skal me sjølvsagt jobba vidare med neste periode, seier ho.
Fond for lyd og bilete gir tilskot til rettshavarar innan musikk, scene, film og biletkunst til produksjon og formidling av innspeling av lyd- og filmopptak. Fondet er ein kollektiv kompensasjon til rettshavarar for den lovlege kopieringa av åndsverka deira som skjer i privat bruk og er for 2023 på 50 millionar kroner, tildelt av Stortinget.
I tillegg til styreleiar er vara for styreleiar og ein styremedlem gjenutnemnt, og to varamedlemmer er utnemnde som styremedlemmer i kommande periode.
Det nye styret tiltrer 1. januar 2024 og ser slik ut:
Leiar: Susanne Næss Nielsen, Hammerfest
Vara for styreleiar: Mathias Tadesse Gebremichael, Oslo
Representanter for produsentorganisasjonar:
Medlem: Torstein Parelius, Vanvikan (ny)
Varamedlem: Trude Refsahl, Bergen (ny)
Medlem: Olga Solyanik, Alta (ny)
Varamedlem: Jarle Savio, Sørumsand (ny)
Representantar for opphavsretts- og utøvarorganisasjonar:
Medlem: Samsaya Sampda Sharma, Oslo
Varamedlem: Arvid Wam Solvang, Haslum (ny)
Medlem: Kristin Mellem, Tromsø (ny).
Varamedlem: Alwynne Pritchard, Bergen (ny)
Medlem: Thomas Talawa Prestø, Nittedal
Varamedlem: Marit Larsen, Oslo (ny)
Medlem: Torfinn Iversen, Sortland
Varamedlem: Gjyljeta Berisha, Oslo (ny)
Styret har sju medlemmer med personlege varamedlemmer. Leiar og personleg varamedlem for leiar blir utnemnt av Kultur- og likestillingsdepartementet på fritt grunnlag. To styremedlemmer med varamedlemmer er utnemnde etter innstilling frå produsentorganisasjonane. Fire medlemmer med varamedlemmer er utnemnde etter innstilling frå opphavsretts- og utøvarorganisasjonar.