Starte EØS-samarbeid? Kulturrådet hjelper deg
EØS-teamet i Kulturrådet består av Thea, Anna, Rannveig og Kristine. Ta kontakt for rettleiing og hjelp med partnarsøk. Foto: Marta Anna Løvberg
Denne våren har du sjansen til å søka støtte til kulturprosjekt med land i Sør- og Øst-Europa. Kulturrådet kan bistå deg i prosessen.
EØS-midla støttar mellom anna kultursamarbeid, publikumsutvikling og kulturelt entreprenørskap. Kulturrådet kan hjelpa deg å finna ein partnar til eit samarbeidsprosjekt og rettleia deg i prosessen fram til søknaden.
– Vi opplever stor interesse for EØS-midla, både frå norske og utanlandske kulturaktørar. Det er mange som har oppdaga dei spennande moglegheitene som finst her for internasjonalt kultursamarbeid. Det er litt no eller aldri, så her gjeld det å få med seg fristane for landa du vil jobbe med, seier Thea Breivik, koordinator for EØS-midla hos Kulturrådet.
Nokre viktige fristar
1. mars 2020 er fristen å søka reisestøtte for å bli kjend med ein polsk kulturaktør.
14. mars 2020 er fristen for å søka prosjektstøtte i Polen.
Ein kan søka om støtte til kunstproduksjonar, turnear, utstillingar, studiebesøk, kompetanseheving i både Noreg og Polen. I det polske kulturprogrammet blir prosjekt som omhandlar publikumsutvikling, kulturelt entreprenørskap og inkludering av minoritetar prioriterte. Hugs at det er den polske aktøren som skal skrive søknaden.
16. mars 2020 er fristen for å søka støtte til prosjekt i samarbeid med Tsjekkia.
Her kan ein søka om prosjekt innan samtidskunst, kunstkritikk og prosjekt som bygger kompetanse i kulturbransjen.
3. april 2020 er fristen for å søka om støtte til samarbeid med Portugal.
Dette er den einaste prosjektutlysingen i Portugal. Fram til mars kan dei som er interesserte óg søka reisestøtte til Portugal for å møta ein potensiell prosjektpartnar.
Samarbeid i Bulgaria, Litauen og Romania
I Bulgaria kjem det utlysingar for middel til samarbeidsprosjekt som omhandlar digitalisering av kulturarv og museumsutvikling. Utlysingane blir forventa i mars/april 2020.
Denne våren blir det mogleg å søka støtte til kunst- og kultursamarbeid mellom Noreg og Litauen. Denne utlysingen opnar etter planen i byrjinga av februar. Allereie no er det mogleg å søka om reisestøtte for å planlegga eit prosjekt saman med ein litauisk partnar.
Ny utlysing av midlar til kunstprosjekt i Romania kjem mest sannsynleg i mai.
Korleis gå frå idé til prosjekt?
Det viktigaste for eit godt prosjekt er å finne rett partnar. Ta kontakt med oss for å få vite kva for organisasjonar i samarbeidslanda som er opne for samarbeid, eller bli med oss på seminar for å møte potensielle partnarar.
Her finn du tips om prosjektpartnarskap i oppstartsfasen
Meld deg på Kulturrådet sitt eige informasjonsbrev om EØS-midla for å få nyheiter, fristar og kommande arrangement og seminar rett i innboksen.
Vil du vite meir? Møt oss her
19.–20. februar 2020: Informasjonsmøte om Kreativt Europa og EØS-midlane, Bodø
19. mars 2020: Informasjonsmøte om Kreativt Europa og EØS-midlane under Europadagane, Steinkjer.
23. april 2020: Polsk dag på Litteraturhuset, Oslo. Meir informasjon kjem.
Fakta om EØS-midla
Kulturrådet er norsk kontaktpunkt for kulturprogramma i EØS-midla, og bidrar til å utforma kulturprogram i samarbeid med mottakarlanda. EØS-midla for kultursamarbeid skal bidra til sosial og økonomisk utjamning og styrka kulturfelta i Europa. Dei skal òg bidra til inkludering og demokratiutvikling, og styrka relasjonane mellom dei europeiske landa.