– Stortinget viser eit høgt ambisjonsnivå for den rolla kulturen skal ha i samfunnet
Kristin Danielsen. Foto: Ilja Hendel
– Kunst og kultur har ein heilt sentral rolle i det norske demokratiet. Det viser óg den kulturpolitiske debatten i Stortinget i dag, seier Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet.
Stortingsmeldinga Kulturens kraft vart presentert av regjeringa seint i 2018, og i dag vart meldinga endeleg debattert av eit samla storting.
Kristin Danielsen er glad for at Stortinget så tydeleg slutta opp om hovudbodskapen til stortingsmeldinga: at kunst og kultur har ein samfunnsbyggande kraft, og at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerende demokrati.
– Stortinget viser eit sterkt engasjement og eit høgt ambisjonsnivå for den rolla kunsten og kulturen skal ha i samfunnet. Det er nødvendig i ei tid kor viktige verdiar vi tar for gitt i Noreg, som ytringsfridom, tillit og fellesskap, møter motbør, seier Danielsen.
Ni overordna mål
Stortinget slutta seg òg til dei ni overordna måla til kulturmeldinga, nemleg eit fritt og uavhengig kulturliv som:
- skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet
- fremjar danning og kritisk refleksjon
- tek vare på og formidlar kulturarv
- skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga
- er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar
- tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap
- fornyar seg og viser evne til omstilling
- har internasjonal gjennomslagskraft og fremjar interkulturell forståing
- styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
– Kulturrådet sitt arbeidsfelt omfattar alle desse ni måla, og vi ser på debatten i Stortinget som ein marsjordre for å bli endå betre i arbeidet vårt, seier Danielsen.
Stadfestar Kulturrådet som nasjonalt fagmiljø
Eit stort fleirtal gjorde det òg klart at det ikkje er aktuelt å flytte fleire oppgåver frå Kulturrådet og ut til dei nye regionane. Frå før er museumsseksjonen i Kulturrådet flytta til Bodø, og seksjonen for kreative næringar etablert i Trondheim.
– Dette er ein gledeleg stadfesting av Kulturrådet som nasjonalt fagmiljø, seier Danielsen.
– Samtidig er vi stolte over kontora vi har etablert i Trondheim og Bodø, som sikrar at Kulturrådet er tydeleg til stades i fleire landsdelar.
Dagens stortingsdebatt er berre den første av mange kulturpolitiske diskusjonar som vil prege norsk politikk i tida framover. I kulturmeldinga blir det varsla ei rekke stortingsmeldingar om kulturfeltet dei neste åra.
– Vi ser fram til å delta i dei mange kulturdebattane som kjem, og til å vere med i utforminga av kulturpolitikken framover, seier Danielsen