Jørgen Knudsen er scenekunstkonsulent
Jørgen Knudsen er tilsett som ny scenekunstkonsulent i Kulturrådet.
Den nye scenekunstkonsulenten har tretti års erfaring som søkjar, og trur det vil vere ein styrke å sjå stillinga frå begge sider av bordet.
Knudsen har vore i jobben i ei snau veke. Han likar det han ser og ser fram til å setje i gang med arbeidet for alvor.
- Det blir ein ny måte for meg å bidra inn i scenekunsten på. Dette er ein av dei få stillingane i Noreg kor ein verkelig får skode utover eit stort kunstnarisk landskap, og eg er svært glad for å få denne moglegheita.
Knudsen er bergensar, fødd i 1961 og utdanna seg først til kjemiingeniør. Karrieren i oljeindustrien kom aldri i gang. Han blei kraftig forstyrra av idear om teater og musikk, og studerte heller kunsthistorie og teatervitskap ved Universitetet i Bergen. Musikk med Alle Tiders Duster og teater med scenekunstkollektivet Baktruppen erstatta kjemiingeniørsatsinga. Baktruppen vart danna i Bergen i 1986 og Knudsen var medlem omtrent til avviklinga i 2011. Etter det har han vore festivalleiar for DanseFestival Barents i Hammerfest. Han har og vore medlem av fleire utval i Kulturrådet, både scenekunstutval og tverrfaglege.
Variert bakgrunn med samansett fokus
Knutsen trur ein variert bakgrunn er årsaka til at han fekk jobben som scenekunstkonsulent.
- Eg har lang og brei erfaring som kunstnar, kurator og frå ulike fagutval i Kulturrådet. Dessutan har eg sjølv vore søkjar i ei årrekkje. Summen av desse erfaringane trur eg er ei styrke i stillinga som scenekunstkonsulent.
Knudsen ser frem til å rettleie og vere i dialog med søkjarar rundt om i landet. Han har jobba mykje i distrikta, særleg på vestlandet og i Nord-Noreg, og reknar med å reise mykje rundt i åra som kjem.
- Eg er oppteken av kunstnarar der dei er og dei vala dei tar. Bur ein i Lofoten har ein andre utfordringar enn om ein bur i Bergen eller Oslo. Dermed tek ein også andre val. Det handlar om å lese samanhengane, seier Knudsen.
Det første oppdraget hans utanfor Oslo er å vere ordstyrar på Kulturrådets scenekunstutvals dialogmøte i Bergen 1. september. Sjå her.
Åremål på fire år
Scenekunstkonsulenten skal ha god oversikt over og innsikt i utviklinga i scenekunstfeltet i Noreg og internasjonalt. Kjerneoppgåva er å foreta ei fagleg kunstnarisk vurdering og prioritering av søknader til ordningane for fri scenekunst – teater og dans, samt ordninga for basisfinansiering av frie scenekunstgrupper. Konsulenten vurderer prosjekta enkeltvis og i eit heilskapsperspektiv. Den samla vurderinga dannar grunnlaget for kva søknader konsulenten tilrår støtte til overfor Fagleg utval for teater og Fagleg utval for dans.
Konsulenten er dessutan ein fagleg ressursperson som skal delta aktivt i scenekunstfaglege samanhengar, og tilby fagleg rettleiing til søkjarar til ordningane for fri scenekunst og basisfinansiering. Mandatet og rolla til scenekunstkonsulenten er i større grad av fagleg kunstnarisk enn administrativ karakter. Derfor er stillinga på åremål, som for tida er på fire år.
Jørgen Knudsen begynte i stillinga 22. august. Han overtar åremålsstillinga etter Brynjar Åbel Bandlien som går til ei stilling som stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo.