Kultur-kva-for-noko?
Logoaene til Kulturrådet, Kulturdirektoratet, Fond for lyd og bilete og Statens kunstnarstipend
Er du i kontakt med eit eller anna statleg som har med kultur å gjere? Har du fått tilskot og skal kreditere med rett logo på plakaten? Blandar du kven som er kva? Her er ei oversikt som kan hende gjer deg litt klokare.
Kulturrådet
Kulturrådet er eit uavhengig organ med ti medlemmer. Dei er oppnemnd av regjeringa ut frå kunst- og kulturfaglege kompetanse. Kulturrådet fordeler pengane i Norsk kulturfond gjennom over førti tilskotsordninger, på armlengds avstand frå politikarane. Dei er også rådgjevar for staten i kulturspørsmål. Kulturrådet har ei rekke fagutval med kunstnarar og kulturarbeidarar, som avgjer kven som skal få tilskot.
Norsk kulturfond
Norsk kulturfond er pengane Kulturrådet rår over. Beløpet blir kvart år tildelt frå Stortinget etter forslag frå regjeringa. I 2025 er Norsk kulturfond på rett over 1 milliard kroner. Om du får tilskot frå Norsk kulturfond er det Kulturrådet som har løyvd dei til deg og det er Kulturrådets namn og logo du skal bruke ved kreditering.
Fond for lyd og bilete
Fond for lyd og bilete (Fond for lyd og bilde på bokmål) er eit uavhengig organ med eit styre på sju medlemmer oppnemnd av Kultur- og likestillingsdepartementet. Det er ein styreleiar utan bindingar til roller og seks styremedlemmer som representerer opphavarar, utøvarar og produsentar. Styret har fleire fagutval som er med på å fordela midla. Utgangspunktet for fondet er at det skal gjevast kompensasjon for lovleg kopiering av åndsverk. Stortinget set kvart år rammene for fondet etter forslag frå regjeringa, som i 2025 er på 52,4 millionar kroner.
Statens kunstnarstipend
Statens kunstnarstipend (Statens kunsterstipend på bokmål) er eit uavhengig organ med eit utval med fem medlemmer oppnemnd av Kultur- og likestillingsdepartementet. Utvalet fordel stipendhjemlar til 23 ulike sakkunnige stipendkomitear oppnemnd av kunstnarorganisasjonar. Det er mogleg å søkje på ulike typar av stipend med frist i oktober kvart år. Stortinget set kvart år rammene for stipend etter forslag frå regjeringa, som i 2025 er på ein halv milliard kroner.
Kulturdirektoratet
Kulturdirektoratet er ein underliggande etat av Kultur- og likestillingsdepartementet som forvaltar ulike statlege ordningar på departementets vegner og gir råd og kunnskap til departementet. Kulturdirektoratet er sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete, som alle gir tilskot på armlengds avstand frå styresmaktene. Kunnskap og analyse av kunst og kultur, eit nasjonalt ansvar for auka mangfald, vurdering av søknadar frå institusjonar og organisasjonar om statstilskot, utvikling av museum, innovasjon og internasjonalt samarbeid er oppgåver lagt til Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet har i underkant av 150 tilsette og har kontor i Oslo, Bodø og Trondheim.