Ny forsking om korleis musikk blir til
Boka «Når musikken tek form» gir nye perspektiv på korleis musikk blir til i dag. Foto: Bernt Isak Wærstad.
Kva skjer eigentleg når musikk blir skapt? Ei ny bok frå Kulturrådet gir eit unikt innblikk i dagens musikkskapande praksisar – frå folkemusikk og improvisasjon til samtidsmusikk og elektroniske popproduksjonar.
Kulturrådet lanserer no boka «Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk», ei samling med 12 forskingsartiklar som utforskar korleis musikk blir skapt innanfor ei rekke sjangrar og kontekstar. Boka er tilgjengeleg både digitalt og i trykt utgåve og kombinerer kunstnarlege og musikkvitskaplege perspektiv.
Noko av det mest nyskapande – og utfordrande – i arbeidet vårt har vore å kombinere musikkvitskapleg forsking med kunstnarisk utviklingsarbeid i éi og same bok, seier redaktør Ragnhild Torvanger Solberg.
Ho er musikkforskar og seniorrådgjevar i Kulturdirektoratet, og har vore redaktør for boka saman med Anja Nylund Hagen (sekretariatsleder for NoU Musikkutvalet), Torgeir U. Nærland (førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen) og Michael F. Duch (professor ved NTNU).
Tverrfagleg tilnærming til musikkskaping
«Når musikken tek form» tek for seg eit breitt spekter av musikkskaping, frå folkesong og improvisasjon til pop, akusmatisk musikk og samtidsmusikk. Gjennom empiriske analysar og erfaringsbaserte innfallsvinklar undersøker dei 21 bidragsytarane blant anna omgrep, arbeidsmetodar, kompositoriske strategiar, samskaping og musikkteknologiske produksjonspraksisar. Dei tolv artiklane peiker samstundes på fleire utfordringar og moglegheiter i musikkfeltet.
Musikkfeltet endrar seg stadig raskare, og det er viktig for Kulturrådet å fange opp nye utviklingstrekk i måten musikk blir skapt og formidla på. I tillegg til å vere tidsriktig er boka òg fagleg original, seier rådsmedlem og leiar av forskingsutvalet, Jan Fredrik Hovden.
Dette er ei bok eg trur mange vil ha glede og nytte av, legg han til.
Eit oppdatert bilde av praksisfeltet
Boka er relevant for musikkutøvarar, forskarar, studentar og alle som er interesserte i musikkskaping. Ho gir eit nyansert og oppdatert bilete av musikkskapande prosessar, og spesielt korleis teknologi og samskaping påverkar musikken.
- Vi håpar antologien inspirerer til vidare diskusjon og forsking rundt musikkskaping. Feltet er i kontinuerleg bevegelse, og det trengst oppdatert kunnskap for å forstå og støtte opp om den kunstnariske og kreative utviklinga, avsluttar Solberg.