Oskar Hansen fram i ljoset
Den polsk-norske kunstnaren og arkitekten Oskar Hansen. Foto: Erazm Ciołek / Fotonova/ East News
Fram til januar 2015 kan du oppleve kulturarven etter den polsk-norske kunstnaren, arkitekten og pedagogen Oskar Hansen på Samtidskunstmuseet Maccba i Barcelona. Utstillinga er resultatet av eit samarbeid mellom Bergen Arkitekthøgskole og Det moderne kunstmuseet i Warszawa, finansiert av EØS-midlane.
Moglegvis er Oskar Hansen lite kjent for nordmenn flest, men som opphavsmannen bak kunst- og arkitekturretninga Open Form var han sterkt medverkande til utviklinga av polsk, norsk og internasjonal kunst og arkitektur frå 1960-talet og utover.
Om ein leitar kan ein i dag finne eksempel på Hansens påverknad i kunst og arkitektur på kryss og tvers av Europa. Hansen og filosofien hans blir no lyfta fram i ljoset gjennom EØS-midlane i eit samarbeid med Bergen Arkitekthøgskole (BAS).
- I motsetnad til mykje av dagens arkitektur der fokuset ofte ligg i objektet og pre-estetiske uttrykk, knyter Open Form arkitektur, kunst og byplanlegging saman til ein heilskap der bygningar er til for menneska og skal sjåast i samanheng med miljøet dei er del av, fortel prorektor Sixten Rahlff ved BAS.
Relevans i dag
Oskar Hansen vaks opp i Polen, med russisk mor og norsk far, som barnebarn av filantropen og millionæren Herman «Appelsin» Hansen og jobba som både kunstnar, arkitekt, målar, teoretikar og pedagog. Gjennom si deltaking i gruppa «Team 10» var Oskar Hansen leiande i den fyrste kritikken av modernistisk arkitektur som han meinte førte til ei forenkling av bustader- og bymiljø i ei tid kor befolkningen vaks hurtigare enn ein klarte å byggje.
Les mer om bestefaren til Oskar Hansen, Appelsin-Hansen
- Med modernismen i handa kunne ein byggje bustadmiljø som ikkje tok omsyn til det mest vesentlege, respekten for det individuelle og for spontaniteten til kvar enkelt. For Hansen var Open form det «store antallets kunst». Det var masseproblemet han tok fatt på. Korleis skape arkitektur for det store antallet som trengte bustadar etter krigen? seier Sixten Rahlff.
- Kvifor er det viktig å vite om Oskar Hansen i dag?
- Oskar Hansens prinsipp om Open Form kan óg knytast til dagens diskusjonar om arkitektur og byutvikling. Vi treng fleire bustader enn vi klarer å byggje. Korleis tenkje byplanlegging- og utvikling med tanke på behova i dag og i framtida, spør Rahlff.
Kompetanse på Hansen
Han har vore sentral i prosjektsamarbeidet på norsk side og fortel om ein førespurnad frå Polen som vaks, og blei til ein søknad om EØS-midlar. I januar 2013 fekk samarbeidsprosjektet om Oskar Hansen cirka 1.2 millionar kroner frå kulturutvekslingsprogrammet med Polen.
Prosjektaktivitetane begynte kort tid etter med ein stor fagkonferanse om Open Form i Warszawa i juni 2013. I tillegg til utstillinga i Barcelona skal prosjektet omsetje fleire bøker av Oskar Hansen. BAS er og med på fleire work shops, og i september er BAS-studentar i Barcelona med eit eige undervisningsopplegg om Open Form, finansiert med skolens eigne midlar.
- Initiativet til samarbeidet kom frå Samtidskunstmuseet i Warszawa, men Oskar Hansen er sentral for BAS sin måte å tenkje og undervise arkitektur på, så det var naturleg for oss å gå inn i prosjektet, seier Rahlff.
Kompetansemiljø på Open Form
Bergen Arkitekthøgskole og Oskar Hansens lære har fleire koplingar. Grunnleggjaren av BAS, Svein Hatløy, var éin av Hansens studentar, og Hansen sjølv underviste regelmessig ved BAS frå oppstarten fram til 1991. Studentar ved BAS har sidan reist på turar til Polen som del av undervisninga. Det har gjort at Bergen Arkitekthøgskole i dag er eit av dei leiande kompetansemiljøa på Open form i Noreg.
Utstillinga i Barcelona er den siste store aktiviteten i samarbeidet, men prosjektet har og ført til at Oskar Hansens prinsipp om Open Form får eit enda større internasjonalt nedslagsfelt.
- På fagkonferansen om Oskar Hansen i juni 2013 var det fleire amerikanske forskarar til stades. Det har ført til at utstillinga og skal setjast opp i USA, etter opphaldet i Barcelona, avsluttar Sixten Ralhff.
Meir informasjon
Meir om prosjektet:
Meir om konferansen ‘Opening Modernism' som blei arrangert i Warswawa i juni 2013
Her kan du lese meir om utstillinga på Maccba i Barcelona og sjå bilete
I Kulturrådets prosjektbank får du informasjon om andre EØS-samarbeid