Det er ikkje nok å gje flyktningane mat og klede
Basma El Husseiny held innleiingsforedraget på Kulturrådets årskonferanse.
- Det er ikkje nok å gje flyktningane mat og klede, seier Basma El Husseiny som skal halde innleiingsforedraget i Harstad. Ho arbeider for å gje syriske flyktningar i Libanon noko å leve for også.
Husseiny var ein sentral person under den arabiske våren i Egypt og er no direktør for Action for Hope, ein hjelpeorganisasjons som ho var med å starte og er direktør for. Under besøk i fleire leirar la ho merke til at flyktningane, sjølv om dei hadde det dei trengte for å stette fysiske behov, var dei likevel triste.Dei mangla noko å leve for og følte seg gløymte og uønskte.
Sjå video av El Husseineys innlegg på årskonferansen
Les El Husseineys innlegg (engelsk)
Les oversatt og forkorta versjon av El Husseinys innlegg
Libanon er eit av landa som har tatt i mot flest flyktningar. Action for Hope arbeider for tida i to flyktningleirer i landet, i landsbyen Qaa og leira Shatila i Beirut. Her har Action for Hope starta ein musikkskule. Skulen vil ha faste lærarar og pensum. Til saman vil skulane undervise i tretti timar i veka.
- I begynnelsen vil vi lære ungane å synge og beherske eit perkusjonsinstrument. Etter kvart er målet at dei skal kunne bruke det dei lærer på skulen til å tene pengar og få seg eit levebrød, seier Husseiny i eit intervju medi Ahram online.
Ein imponerande CV
Men dette er langt frå ikkje det første kulturprosjektet Husseiny er involvert i. Ho begynte karrieren med teater på 70- og 80-talet. Etter kvart vart ho involvert i ulike uavhengige kulturprosjekt og organisasjonar i den arabiske regionen. Ho er kanskje mest kjent for å ha tatt initiativ til og vore direktør for Al Mawred Al Thaqafy, ein ideell organisasjon som støtta unge kunstnarar og forfattarar og stimulerte til kulturutveksling internt i den arabiske regionen og mellom regionen og verda utanfor.
Action for Hope sprang ut av denne organisasjonen, men er no ein sjølvstendig organisasjon som arbeider med kultur i kriseramma og fattige område, med fokus på flyktningar.
Elles er Basma ekspert på kulturarbeid i UNESCO, medlem av rådet for Center for Cultural Policy and Management ved Bigli universitet i Istanbul, og Egypts representant i Afrikas største kulturnettverk, Arterial Network. Ho har tidlegare hatt viktige roller i Ford Foundation i Midtøsten og Nord-Afrika, vore Arts Manager ved British Council i Egypt, og vore med på etableringa av Arab Fund for Arts and Culture.
Viktig perspektiv på årskonferansen
Ein av tematrådane i verdidiskusjonen på jubileumskonferansen er å ta opp kva verdi kunst og kulturuttrykk har i politisk konflikt, når samfunnet er i endring, når noko står på spel. Kva betyr det å få uttrykkje seg fritt og at nokon gjev uttrykk for det som hender gjennom kunst og kreativt arbeid?
Vi har spurt Basma om å reflektere rundt slike spørsmål i sitt innleiingsføredrag, og er utruleg glade for at ho tar reisa frå Egypt til Harstad for å dele av si lange erfaring frå kulturarbeid i den arabiske regionen og av den djupe kjennskapen ho har til den alvorlege situasjonen regionen er i no. Perspektiva som blir reiste med hennar føredrag vil vidareførast i andre sesjonar på konferansen, mellom anna av fribymusikarane Abazar Hamid og Khaled Harara og biletkunstnaren Shwan Dler Qaradaki.