Nykommarpris til Shwan Dler Qaradaki
Biletkunstnar Shwan Dlar Qaradaki mottek Kulturrådets nykommarpris i Harstad. Foto: Kulturrådet
Kulturrådets nykommarpris på 200 000 kroner er tildelt biletkunstnaren Shwan Dler Qaradaki. Qaradaki får prisen for sitt sterke kunstnarskap, som trass hans korte karriere har nådd breitt og til mange.
Prisen på 200 000 kroner blei delt ut 4. november, under Kulturrådets jubileumskonferanse «Inn til kjernen» i Harstad. Kulturrådet feirar 50 år i 2015, og nykommarprisen er ein ekstra pris som vert delt ut i høve jubileet. Prisen går til ein nykommar og/eller uetablert kunstnar.
Prisen er gitt etter forslag frå medlemmar i Kulturrådet sine fagutval og går til ein kunstnar som har utmerka seg særleg i dei siste to åra. Rådet hadde valet mellom mange gode kandidatar, men valde einstemmig å gje prisen til Qaradaki, ein kunstar med relativt kort fartstid, men som har nådd mange.
- Vanskeleg å gløyme
I Kulturrådets grunngjeving står det: «Shwan Dler Qaradaki har utmerka seg gjennom fleire utstillingar dei seinare åra. Han arbeider med teikning, maleri, foto, installasjon og video, og fortel rørande og sterke historier gjennom sitt solide kunstnariske uttrykk. Har du først sett arbeida hans, er dei vanskelege å gløyme.»
Rådet la særskild vekt på det tredelte filmarbeidet «Salte Kyss», som har fått mykje merksemd. Qaradaki tek i filmane utgangspunkt i sin eiga livshistorie og fortel om då han flykta frå irakisk Kurdistan til Iran på grunn av Saddam Husseins angrep
Filmane har nådd ut til eit stort publikum, både barn og unge, gjennom visingar i kunstforeiningar og Den kulturelle skulesekken.
Utdrag frå filmen "Salte kyss".
Qaradaki er fødd i1977 i Sulaimani, i den irakiske delen av Kurdistan. Han kom til Noreg som politisk flyktning i 1999, etter meir enn to år på flukt gjennom Europa. Han begynte utdanninga si ved Kunstakademiet i Sulaimani i1991 og heldt fram med kunstutdanning i Noreg både ved NISS og Kunsthøgskolen i Oslo, der han fullførde ei mastergrad i 2009. I 2011 fekk han varig opphaldsløyve i Noreg. Han har dei siste åra hatt ei rekkje separat- og gruppeutstillingar. I 2014 fekk han Oslo kommunes kunstnarpris for 2013.
Besøkte du årets haustutstelling på Kunstnernes Hus kunne du ikkje unngå å sjå verket til Qaradaki. Teikninga «Absolute Veto» dekte ein heil vegg i foajeen . Kunstverket er eit samarbeid med kunstnaren Johannes Høie og tar opp dagsaktuelle tema som IS, flyktningar og kvinner si rolle. Framstillinga er mytisk og storslagen, men klarar likevel å opne for fortolking og spørsmål.
Utgangspunkt i eiga historie
Forteljingane du møter i Qaradakis kunst er ofte personlege og følgjer eit liv forma av konflikt. Med erfaringa frå krig, flukt og konflikt klarar Qaradaki å gje kunstnarisk form til akutte utfordringar i vår tid. Kunstnaren har vald ein tilgjengeleg form som gjev folk ein inngangsportal til vanskelege problemstillingar gjennom kunsten.
Han har hatt separatutstillingar over heile landet, gruppeutstillingar i inn- og utland og har vore på turne med Den kulturelle skulesekken i fleire fylke. Qaradaki er også kjøpt inn av ei rekkje offentlege institusjonar, mellom anna Oslo kommune, Buskerud fylkeskommune og Fundacion Pablo Atchugarry, og har motteke fleire utmerkingar og stipend.
I 2013 laga Shwan Dler Qaradaki to digitale forteljingar til appen Multiwalks om Oslo. Sjå dei digitale fortellingane her.
Rådsleiar Yngve Slettholm og rådsmedlem Geir Haradseth overrakk prisen til Shwan Dler Qaradaki. Foto: Kulturrådet
Kulturrådet ærespris for 2015 vert tildelt Skulpturlandskap Nordland. Les meir om æresprisen her.